Rogfast blir verdens lengste undersjøiske vegtunnel med sine 26,7 kilometer. Illustrasjonen viser et tverrsnitt av hvordan tunnelen vil gå under havet (Foto: Statens vegvesen/Vianova

Bygging av verdas største undersjøiske vegtunnelprosjekt er vedtatt

Publisert:
23. mai 2017
Av
Øyvind Ellingsen

- Vi er klare til å lyse ut den fyrste kontrakten så snart vi har fått avklart utfyllingstillatelsen og løysinga vår for å vareta ytre miljø utfordringane. Byggjestart kan allereie bli i år.

Det seier Statens vegvesens leiar for Rogfast-prosjektet, Tor Geir Espedal.

Hugs å melde deg på nyhendebrevet frå Vegnett.

– Dagen i dag er ein merkedag for oss som jobbar på Rogfast-prosjektet. Vi er klare til å lyse ut den fyrste kontrakten så snart vi har fått avklart utfyllingstillatelsen og løysinga vår for å vareta ytre miljø utfordringane. Så snart dette er på plass lyser vi ut den fyrste kontrakten i Rogfast-prosjektet som er for transporttunnelen i Arsvågen, seier Espedal.

– Ein merkedag for oss, seier prosjektleiar Tor Geir Espedal. (Foto: Bjørn Egil Gilje)
Rogfast skal stå ferdig i 2025/26

Med sine 26, 7 kilometer vil Rogfast bli verdas største undersjøiske vegtunnel. Prosjektet har ei kostnadsramme på 16,8 milliardar kroner.

– Vi har ei målsetjing om å lyse ut dei neste fire store kontraktane i løpet av 2017 og 2018, seier Espedal.

Planen er at dei fyrste bilistane kan ta tunnelen i bruk i 2025/26.

– Bygginga av ein så lang undersjøisk tunnel er utfordrande, med mange tekniske utfordringar. Ei av desse er to-planskrysset under Kvitsøy. For å sikre god ventilasjon skal vi sprenge to ventilasjonssjakter frå Kvitsøy og ned til begge tunnelløpa, forklarer prosjektleiaren.

På denne illustrasjonen ser vi mellom anna ventilasjonsanlegget som har ein diameter på 10 meter,. Begge skal ned 250 meter frå Kvitsøy. (Foto: Statens vegvesen/Vianova)
På denne illustrasjonen ser vi mellom anna ventilasjonsanlegget som har ein diameter på 10 meter. Begge skal ned 250 meter frå Kvitsøy. (Foto: Statens vegvesen/Vianova)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*