Det var 27. april i fjor at større mengder massar rasa ut i Granvinsvatnet på rv.13 ved Holven i Granvin herad. Ingen personar kom til skade, men 120 meter av rv.13 blei øydelagd og utstyr forsvann i vatnet. (Foto fra granskinsrapporten)

«Det er ikkje tvil om at vi har skuld for det som skjedde. Vi skulle gjerne vore dette for utan, og beklagar sterkt hendinga»

Publisert:
2. juni 2017
Av
Mark Berger

Ein granskingsrapport slår fast at anleggsarbeidet til Statens vegvesen var den utløysande årsaka til utglidinga på rv.13 ved Holven i Granvin i fjor. Rapporten viser at hendinga kunne vore unngått.

– Det er ikkje tvil om at vi har skuld for det som skjedde. Vi skulle gjerne vore dette for utan, og beklagar sterkt hendinga. Rapporten som er lagt fram peikar på fleire læringspunkt som vi må gripe fatt i, seier Kjartan Hove, prosjektdirektør i Statens vegvesen Region vest.

Det var 27. april i fjor at større mengder massar rasa ut i Granvinsvatnet på rv.13 ved Holven i Granvin herad. Ingen personar kom til skade, men 120 meter av rv.13 blei øydelagd og utstyr forsvann i vatnet. Utglidinga skjedde like ved anleggsområdet til Jobergtunnelen, der Statens vegvesen Region vest er byggherre.

 Husk å melde deg på nyhetsbrevet fra vegnett.no

Oppdaga ikkje søkk

I etterkant av utglidinga bestilte Statens vegvesen Region vest ein uavhengig gransking. Føremålet var å finne årsak og læringspunkt for å hindre liknande hendingar i framtida. Granskingsrapporten, som no er tilgjengeleg, konkluderer med at det var anleggsarbeidet som mest sannsynleg var den utløysande årsaka til utglidinga. Den viser også at Statens vegvesen ikkje oppdaga eit søkk i botn av vatnet, og som truleg var grunn til at utglidinga blei så omfattande.

Granskingsrapporten er elles tydeleg på følgande tilhøve som medverka til at åtte dekar (daa) med jordareal sklei ut i Granvinsvatnet:

  • Det vart ikkje gjort vurdering av stabiliteten i byggegrunnen, og kva last den kunne tole i samband med vegarbeidet.
  • Stabiliseringstiltak som vart utført var basert på antagelser og ikkje systematisk analyse.
  • Statens vegvesen hadde manglande kunnskap om topografien i botn av Granvinsvatnet langs den aktuelle strandsona.
  • Det vart ikkje utført utvida prosjekteringskontroll.
God læring

– Det har vore gjort eit godt arbeid med granskinga av hendinga, og det er tydeleg at vi har svikta på fleire områder i både planleggingsfasen og i byggefasen. Rapporten gir oss viktig og ny informasjon om det som skjedde, og såleis eit godt utgangspunkt for å forbetre vår organisering, seier Kjartan Hove, prosjektdirektør i Statens vegvesen Region vest.

Rapporten har vore drøfta i regionvegleiinga, og det blir no arbeidd med å følgje opp dei viktigaste læringspunkta og overføre dei til liknande og framtidige prosjekt.

FAKTA OM UTGLIDINGA VED HOLVEN I GRANVIN
Om utglidinga
  • april 2016 skjedde det ei større utgliding av massar på rv.13 ved Holven i Granvin.
  • Om lag åtte dekar (daa) areal, inklusiv 120 meter av rv.13, glei ut i Granvinsvatnet i løpet av 15-16 timar.
  • Rundt 35 000 m3 leire var i rørsle ut i vatnet. På det lengste gjekk massane ca. 500 meter ut i vatnet.
  • Ingen personar vart skadde.
  • To gravemaskiner, eitt busskur, diverse skilt og anna anleggsmateriell lagra på staden forsvann i vatnet.
Om oppbygging av vegen
  • I etterkant av utglidinga gjorde Statens vegvesen supplerande grunnundersøkingar, med blant anna geoteknisk vurdering av mogelege løysingar på korleis vegen kunne byggjast opp att.
  • To løysingar vart skisserte, og det blir no arbeidd med å byggje sju stålkassar, fylt med stein, som skal bere ei ny vegbane. I tillegg er det sett ned ein stålkonstruksjon langs med raskanten.
  • Rehabiliteringa av vegen er planlagt avslutta ved årsskiftet dersom det ikkje oppstår utforutsette hendingar.
  • Statens vegvesen har også undersøkt dei ustabile grunnforholda langs Granvinsvatnet og gjort registreringar lenger sør på rv. 13, nær kyrkja og Kyrkjesvingen.
Om rapporten
  • Statens vegvesen bestilte i august/september 2016 ei ekstern gransking av hendinga med føremål om å finne årsak og læringspunkt internt i eigen organisasjon.
  • Rapporten har sett på både plan- og prosjekteringsfasen, samt korleis arbeidet vart utført i byggeperioden.
  • Det er konsulentselskapet Concreto som har skrive rapporten.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*