Franskmenn køyrde mest personbil i Europa med gjennomsnittleg 34 kilometer per dag. Nordmenn køyrde 33 kilometer om dagen. Rekna per innbyggjar, brukte nordmenn kollektive transportmiddel med ein gjennomsnittleg reiselengde på 4 kilometer per dag. Berre Portugal med 3 kilometer låg lågare. Biletet synar biler, busser og tog ved Lysaker stasjon på grensen mellom Oslo og Bærum. (Foto: Knut Opeide)

Nordmenn køyrer nest mest i Europa

Publisert:
2. august 2017
Av
Kjell Bjørn Vinje

Nordmenn køyrer nest mest bil og har den lågaste delen kollektivtransport.

Dette kommer frem i ein fagartikkel skreven av Geir Martin Pilskog i Statistisk sentralbyrå (SSB).

skrivI perioden 1995-2014 auka mengda personkilometer i EU med 23 prosent til 6 600 milliardar i alt. Sidan 2005 har etterspurnaden vore stabil.

Personbilen var i heile tidsromet dominerande med ein del på over 70 prosent. Bruk av personbil voks 21 prosent eller over 800 milliardar personkilometer frå 1995 til 2014.

Andre transportformers samla yting var 1 800 milliardar personkilometer i 2014. Det innebar ein vekst på 27 prosent eller knapt 400 milliardar samanlikna med 1995.

tab1

 

Nordmenn køyrer nest mest bil

Rekna per innbyggjar for 2014, var det franskmenn som køyrde mest personbil i Europa med gjennomsnittleg 34 kilometer per dag. Men tett på følgde finnar og nordmenn, båe med 33 kilometer om dagen.

I Sverige var køyrelengda 32 kilometer. Danskane køyrde minst i Norden per innbyggjar med i gjennomsnitt 26 kilometer per dag. Landet med minst personbiltrafikk per innbyggjar var Romania med 12 kilometer i gjennomsnitt per dag i 2014. Rumenarane var heller ingen storforbrukarar av kollektivtrafikk med ei gjennomsnittleg daglig reiselengde per innbyggjar med buss og jarnbane/T-bane/trikk på 4 kilometer.

Den gjennomsnittlege reiselengda med kollektivtransport var berre lågare i Portugal med 3 kilometer. Rekna per innbyggjar, brukte heller ikkje nordmenn mykje kollektive transportmiddel med ein gjennomsnittleg reiselengde på 4 kilometer per dag i 2014. I dei andre nordiske landa låg reiselengda mellom 6 og 7 kilometer i gjennomsnitt per dag.

 

tab3
Personbilbruk seksdobla på femti år

I 1965 utgjorde køyring med personbil i Noreg 10 milliardar personkilometer. Femti år seinare var den samla årlege reiselengda med personbil meir enn seksdobla til 62 milliardar personkilometer.

Auka i mengda personkilometer var størst i løpet av 1970-åra, 70 prosent. 1980-1990 steig køyringa 40 prosent, medan dei to neste tiåra kvar gav ein vekst på om lag 15 prosent.

Frå 2010 til 2015 voks volumet av personkilometer igjen knapt 10 prosent.

tab5
tab5
Personbilen utfører 80 prosent av persontransporten

I 1965 utgjorde persontransporten i alt 17 milliardar personkilometer. I dette året stod personbilen for 58 prosent av alle personkilometer, bussen knapt 20, jarnbane/T-bane/trikk 12, motorsykkel/moped 5, båt 3, både fly og drosje 2 og utleigebil tilsynelatande 0. Sidan statistikken inkluderte utleigebilar i drosje til og med 1980, er fordelinga mellom dei to transportformene usikker.

I 2015 hadde den totale mengda persontransport auka til 80 milliardar personkilometer. I høve til 50 år tidlegare tydde bruk av personbil, utleigebil og fly meir. Delen til personbilen av alle personkilometer auka frå knapt 60 prosent i 1965 til knapt 80 i 2015, medan flytransportens del vart tredobla frå to til seks prosent. Utleigebilar utgjorde 2 prosent av all persontransport i 2015.

Båt, jarnbane/T-bane/trikk, buss, drosje og motorsykkel/moped utførte mindre delar av den totale persontransporten. I 2015 utgjorde både buss og skinnebaserte transportformer 5 prosent av alle personkilometer, motorsykkel/moped 2 og båt og drosje båe 1.

Figur 7. Delen til transportformer av alle personkilometer. Noreg. 1965 og 2015. Prosent

 

Én kommentar

  1. Jo Øiongen sier:

    Så lenge vi har en aktiv distriktspolitikk der vi ønsker å ta hele landet i bruk så er dette gode tall. Nullvekst i biltrafikk er en utopi i et moderne samfunn. Bilen er en genial oppfinnelse som en bevisst bør utnytte potensialet til.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*