På St Olavs plass i Oslo er det sambruksområde: Her kan bilistar, syklistar og fotgjengarar bevege seg som dei vil - utan regulering. Arkitekt: ACK Arkitekter

Korleis utforme område som gjev meir og betre liv i byen?

Publisert:
15. november 2017
Av
Henriette Erken Busterud

Vegvesenet arbeider no med korleis sambruksområde bør bli utforma. Dette er plassar og gater med blanda trafikk som ikkje er regulerte.

Sambruksområde, eller shared space, er ei blanding av gate og plass som gjev meir opne og trivelege byrom. Der er det å opphalde seg der er like viktig som å kome seg fram.

Dette passar best i byar og tettstader med mange fotgjengarar.

Førebels er det berre nokre få stadar der det er slike område her til lands, men dei finst i mange byar over heile verda.

– Sambruksområde må vere utforma slik at det blir låg fart og soleis betre trafikktryggleik. Vi har nokre få slike område her, og der har snittfarten vore på mellom 16 og 24 km/t.

Det fortel Kristin Ruud Forsnes i Vegdirektoratet.

Er omtala i vegnormalane

No har sambruksområde vorte ein del av vegnormalen. Ein venter at fleire kommunar vil bygge dette etter kvart som ein skal legge betre til rette for å sykle og gå.

-Det er fleire kommunar som lurar på korleis ein skal utforme slike område, fortel Forsnes.

Har finansiert doktorgrad

Sebastian Peters ved NMBU har fått finansiert ein doktorgrad av Statens vegvesen. Han har forska på det sosiale samspelet på St Olavs plass i Oslo og kva som skjer når ulike trafikantar blir blanda.

Peters har, med St Olavs plass i Oslo som utgangspunkt, sett på tilhøva mellom design, tenkt bruk og korleis det faktisk blir brukt.

-Noko av det Peters fann ut, var at bruken var i konstant endring. I doktoravhandlinga er det viktig kunnskap som vi treng å kome vidare med korleis vi skal utforme sambruksområde, seier Forsnes.

Kristin Ruud Forsnes i Statens vegvesen sammen med Sebastian Peters som har skrevet doktorgrad om sambruksområder.
Kristin Ruud Forsnes i Statens vegvesen saman med Sebastian Peters som har skrive doktorgrad om sambruksområde.

Sommarstudentar i Statens vegvesen bidro med kunnskap til doktorgrad.

Har forska

TØI har forska på kva slags konfliktar som kan oppstå mellom syklistar og fotgjengarar i sambruksområde. På dei stadane TØI evaluerte er  det ikkje registrert nokre trafikkulukker.

Ulike meiningar

Nokre hevdar at sambruksområde ikkje er sikkert nok. Andre meiner derimot at sambruksområder kan redusere talet på ulukker: Når trafikantgrupper blir blanda, vil folk bli meir årvakne og forsiktige.

Treng meir kunnskap

Ho seier Vegvesenet treng meir kunnskap om korleis sambruksområder fungerer for å kome med tilrådingar.

-Mellom anna er slike plassar utfordrande for synshemma. Vidare treng vi til dømes og vite om det er nokre som ikkje bruke slike område og kvifor ikkje.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*