Gaute Monsen (t.v.)og Haben Tewelde er to av 52 ungdomar som går læretida under bygginga av Ryfast-prosjektet. (Foto: Øyvind Ellingsen)

«At Vegvesenet set krav til lærlingeordning gir ei verdifull stadfesting på at opplæring av ungdom er riktig og viktig»

Publisert:
2. januar 2018
Av
Øyvind Ellingsen

52 lærlingar har gått læretida under Ryfast-bygginga. De er grunnmuren i bransjen meinar entreprenørane.

Statens vegvesen har som ei ordning der entreprenørane får betalt per lærling, ei ordning som er med på å stimulerer til at fleire ungdomar tek fagbrev innan bygg og anlegg. I Ryfast-prosjektet har det vore 52 lærlingar blant dei vel 800 arbeidarane som jobbar med Eiganes- Hundvåg og Ryfylketunnelane.

Ble fast tilsett

– Eg var heldig og fekk lærlingeplass hos Stangeland Maskin AS rett etter eg var ferdig på bygg og anleggslinja. Det var i oppstartsfasen for Eiganestunnelen, og sida har eg vore her, seier Tom Kristian Hagen.

20-åringen sit i gravemaskinen på 18 tonn, og fortel at arbeidsoppgåvene er mange og forskjellige.

– Det å jobbe på eit så stort prosjekt gjer at ein får erfaring med mange forskjellige arbeidsoppgåver. No er eg fast tilsett, seier han og smiler.

– Opplæring av ungdom er riktig og viktig

– Det at Vegvesenet set krav til at leverandørane skal ha lærlingeordning og i tillegg også bidrar økonomisk, gir oss ei verdifull stadfesting på at det arbeidet vi legg ned i opplæring av ungdom er riktig og viktig. Det viser oss at dei ressursane vi legg ned i skulebesøk, yrkesmesser og utplassering i bedrift er vel nytta tid. Det synleggjer også at kundane våre verdset og er stolte av lærlingane våre, slik som vi er, seier prosjektleiar Sverre Nergaard i Stangeland Maskin AS.

Han fortel at bedrifta har 32 lærlingar, og at dei er grunnmuren hos entreprenøren.

Haben Tewelde og Gaute Monsen er to andre lærlingar som er med å byggje Eiganestunnelen. Dei to betongfagarbeidarane er i full sving med å montere armeringsjarn på den store påkøyringsrampa i dagsona i Tasta bydel i Stavanger.

Vil stimulere til fleire lærlingar

– Eg stortrivst i jobben. Det kan vere litt surt og kaldt, men vi har gode klede, seier Gaute Monsen.

Kameraten Haben Tewelde fortel at han snart skal ta fagprøven, mens Gaute Monsen nyleg fekk fagbrevet sitt.

– Det var ikkje lett å få lærlingeplass, vi var heldige at SV Betong fekk betongkontrakten under bygginga av Eiganestunnelen.

Det er viktig å få utdanna dei fagfolka vi og bransjen treng

Prosjektleiar Gunnar Eiterjord i Statens vegvesen er glad for at entreprenørane i prosjektet har flest mogeleg lærlingar.

– Vi vil stimulere til auka bruk av lærlingar. Det er viktig å få utdanna dei fagfolka vi og bransjen treng, meiner Eiterjord.

Vegvesenet har vedteke å doble kompensasjonen for entreprenørane som bruker lærlingar. Kompensasjonen per time har i lang tid vore på 25 kroner, for inntil fem prosent av timane totalt på den inngåtte kontrakten. No blir satsen dobla til 50 kroner for inntil sju prosent av timane.

Viktigaste opplæringa

– Vi stiller også krav i kontraktane om at entreprenørane skal ha lærlingar, seier Eiterjord, og legg til at bedrifter som får kontraktar med statlege verksemder må ha lærlingeordning.

Lærlingeordninga er kanskje den viktigaste opplæringa som finst i det pedagogiske universet vårt

I Stavanger-distriktet har oljenedturen ført til ein debatt i næringslivet om kor viktig det er at bedriftene, trass nedskjeringar, opprettheld lærlingekontraktar.

– Lærlingeordninga er kanskje den viktigaste opplæringa som finst i det pedagogiske universet vårt. Difor er det bra at vegvesenet tek dette på alvor, og aukar lærlingetilskotet i kontraktane. Utanlandske kontraktørar må ta inn norsk kompetanse for å kunne følgje opp lærlingepliktene. På den måten sikrar vi umiddelbar kompetanseoverføring frå internasjonal ekspertise i verdsklasse, til norske prosjektleiarar og fagarbeidarar. Vi byggjer konkurransekraft i det lange biletet, og vi tek vare på og vidareutviklar noko som i neste omgang blir ekspertise vi kan eksportere, meiner Svein Olav Simonsen, som er regiondirektør i NHO i Rogaland

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*