Boomerang gang- og sykkelbru i Groruddalen i Oslo. Arkitekt: SAAHA Foto: Are Carlsen

Døme på fine gang- og sykkelbruer

Publisert:
5. mars 2018
Av
Henriette Erken Busterud

Nyleg var ei norsk gang- og sykkelbru i fint selskap i London: Oslo kommune si bru Boomerang var nominert til World Aricitecture News sin pris.

Brua «Boomerang» svingar seg over ytre ringveg i Groruddalen. Den fekk Norsk stålkonstruksjonspris for 2017, og var nominert til WAN Best Bridge Award 2017 som vart delt ut i London forrige veke. Vinnaren var brua over Bosporos-stredet.

Juryen meiner den enkle brua Boomerang gjev ei flott oppleving for brukarane. Ho blir omtalt som ein konstruksjon som er tiltalande, kostnadseffektiv og har ei utforming som harmonerar ned omgivnadene.

– Det er ikkje overraskande at ei norsk gang- og sykkelbru får internasjonal merksemd. Det finst mange flotte bruer her i landet, seier seniorrådgjevar Torstein Bremset i Statens vegvesen.

Korleis lage ei god gang- og sykkelbru?

Bremset seier ei god gang- og sykkelbru skal gjere det mest mogeleg attraktivt å gå og sykle. -Ofte gjer brua det mogeleg å sykle eller å gå der det elles kan vere umogleg eller vanskeleg å kome seg fram. I tillegg kan det vere ein rask veg som kan få fleire til å velje sykkel i staden for bil, seier Bremset.

Han påpeikar at gang- og sykkelbruer ikkje må vere for bratte eller ha krappe svingar – verken på brua eller rett før og etter.

– Vi har eit mål om å auke gang- og sykkeltrafikken, noko ein må ta høgde for i planlegging og dimensjonering. Det beste er å gje gåande og syklande kvart sitt areal.

Ypsilon gangbru over Drammenselva. Foto; Knut Opeide
Vegvesenet skal bygge ny gang- og sykkelbrua over Ring 3 ved Ullevål stadion. Fotomontasje: EFLA/BEaM
Blomsterbrua mellom Brattøra og Solsiden i Trondheim. Foto: Knut Opeide
Tverrforbindelsen Tromsø. Foto: Sjur Melsås
Sjeteen bru i Levanger. Foto: Levanger kommune
Da Vinchi-brua over E18 i Ås. Arkitekt: Vebjørn Sand. Foto: Santina Crolla

 

Frå Voss. Foto: Jostein Vandaskog
Sykkelbrua Bølgen i Kongsberg. Foto: Kjell Wold.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*