Øyvind Holen frå BetonmastHæhre Anlegg (fra venstre), Silje Aalbu i Statens vegvesen, Stein Ivar Lilleås fra BetonmastHæhre Anlegg, Odd Eirik Haugen i Statens vegvesen, Trond Simensrud i BetonmastHæhre, Harald Stadheim i Statens vegvesen, Ellen Njøs Slinde i Statens vegvesen, Ole Jakob Gjetrang i BetonmastHæhre Anlegg, Morten Dahl fra BetonmastHæhre Anlegg (nede til venstre) og Sverre Kjos-Wenjum i Statens vegvesen. (Foto: Sindre Sverdrup Strand, Byggeindustrien)

E16 over Filefjell er Årets anlegg!

Publisert:
15. mars 2018
Av
Ole Kristian Åset

Den gjeve prisen gjekk til Statens vegvesen og Region vest. Det blei klart på Byggegallaen i går kveld.

Vinnaren av Årets anlegg blei gjort kjent på Byggegallaen i går kveld. Kjersti Folvik som er leiar av juryen, seier det var mange gode kandidatar.

– Kvart år blir fleire hundre prosjekt ferdigstilt rundt om i landet – vi har vurdert ei lang rekke prosjekt, seier Folvik.  Ho fortel at dei beste kandidatane har hatt godt samspel i gjennomføringa med fokus på bærekraftige løysingar og godt HMS-arbeid.

Ville ha ein vintersikker veg

Målet med E 16 over Filefjell var å bygge ein meir vintersikker veg mellom aust og vest. Etter at Filefjelltunnelen opna i haust,  har fjellovergangen stort sett vore open for fri ferdsel i uvêrsperiodar – medan det har vore kolonnekøyrt eller stengt på dei andre fjellovergangane.

Varpe Bru – Smedalsosen

Delstrekning Varpe Bru – Smedalsosen knyter saman Vang i Oppland fylke og Lærdal i Sogn og Fjordane på E16 mellom Oslo og Bergen. BetonmastHæhre Anlegg har bygd strekninga på rundt 20 km, der rundt 6 km går gjennom den nye Filefjellstunnelen.

Sårbart terreng

Vegen er planlagt og bygd på ein skånsom måte gjennom det sårbare høgfjellsterrenget, og det er lagt stor vekt på estetikk og gode løysingar. Vegen er heva for å få snø til å blåse av, og strekninga over høgfjellet er utstyrt med uvêrslys, for å gjere det lettare å brøyte og å følge vegen ved dårleg vær vinterstid.

Ferdig på drøyt tre år

Anleggsarbeidet starta i mai 2014 og prosjektet stod ferdig i september 2017, rundt tre månader før planlagt tid. Kostnadsmessig kom strekninga ut 100 millionar rimelegare enn styringsramma på 1,7 milliardar. Det har vore eit særs godt samarbeid mellom vegvesenet og entreprenør gjennom heile byggeperioden.

Dette er juryen:

Kjersti Folvik (juryleder), NGBC,  Arne Skjelle, BNL,  Morten Lie, DiBK,  Heidi Berg, Trimble,  Harald Martin Gjøvaag, Selvaag Bolig,  Kari Sandberg; EBA,  Arve Brekkhus, Byggeindustrien/bygg.no og Lene Eikefjord, Byggenæringens Mediesenter.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*