Vinner av vakre vegers pris 2016: Fv. 98 over Ifjordfjellet i Finnmark (Foto: Knut Opeide)

No kan du avgjere kvar vi finn den vakraste vegen i landet

Publisert:
28. mars 2018
Av
Henriette Erken Busterud

Statens vegvesen inviterer til å føreslå heile eller delar av eit veg- eller gateanlegg som fortener «Vegdirektørens pris for vakre veger».

Prisen er ein heiderspris for anlegg med gode estetiske kvalitetar tilpassa omgjevnadene. Det kan vere vegar, gater, bruer, tunnelar eller tilhøyrande anlegg og utstyr. Anlegget må vere ein del av det offentlege vegnettet.

Anlegget må vere godt utforma i høve til omgjevnadene. Det må og fungere godt med omsyn til trafikktryggleik, framkomst, drift og vedlikehald.

Det understrekar Alf Støle og Sunniva Schjetne i Statens vegvesen som sit i fagsekretariatet.

To prisar

Det skal delast ut to prisar: ein pris til eit nyare anlegg, og ein pris til eit anlegg som framhevar seg når det gjeld drift og vedlikehald.

Vidare kan strategiar for drift og vedlike­hald som ivaretek reiseoppleving, landskapskvalitetar og kultivering av kvalitetar som får fram det vakre i kvardagslandskapet vere aktuelle.

Vegdirektørens pris for vakre veger blir delt ut anna kvart år. Tidlegare vinnare er mellom anna Kongevegen over Filefjell, Bybana i Bergen, Ifjordfjellet og Drøbak.

Frist for å sende inn forslag er 3. juni.

Skjema for innsending av forslag ligg her

Uavhengig fagjury

Prisvinnarane vert utpeikt av ein uavhengig fagjury. I tillegg til vegdirektøren er juryen samansett av representantar frå: Norske landskapsarkitektars foreining, Norske arkitek­tars landsforbund, Teknisk-naturvitskapeleg foreining (TEKNA), Norges teknisknaturvitskapelege universitet (NTNU), Norges miljø- og biovitenskapelige universi­tet (NMBU), Riksantikvaren og Kunst i offentlige rom (KORO).

 

 

Kommentarer (3)

  1. Frank haldoorsen sier:

    Ifjordfjellet

  2. Laila Lysø sier:

    Saltfjellet E6. Fantastisk nydelig og verdt en tur.

  3. Berit Marie Ekholdt sier:

    Veien til Havøysund i Finnmark

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*