Foto: Henriette Erken Busterud

Unge sjåførar toppar statistikken over dei som «rotar» bort førarkortet sitt

Publisert:
26. mars 2018
Av
Anne Marie Storli

Mange er avhengig av førarkortet sitt i jobb eller privat, men likevel er det ikkje alle som passar like godt på det viktige beviset på at dei har rett til å handtere motoriserte kjøretøy.

Meir enn 75 000 personar melde førarkortet sitt tapt i 2017, og over heile landet er det dei yngste sjåførane som utmerkar seg som mest «rotete».

Flest menn miste førarkortet sitt førre år, nær 45 000, mens om lag 30 500 kvinner melde førarkortet tapt i same periode. Det er aldersgruppa 16-18 år frå Østfold som toppar statistikken. 32 prosent av dei som har førarkort i denne aldersgruppa, miste det i 2017, mens 25 prosent av østfoldingane mellom 19 og 20 år miste sitt.

Hedmark følger deretter, og her var det 21 prosent i aldersgruppa 16-18 år som ikkje fann att førarkortet sitt i fjor. I Finnmark er det aldersgruppa 19-20 år som toppar statistikken med 19 prosent.

Trenden i dei andre fylka er den same. Det er dei unge som utmerker seg som mest «rotete», mens sjåførar over 60 år er dei som er flinkast til å passe på førarkortet sitt.

Meld tap av førarkort via nettet

Er du ein av dei uheldige som har mist eller blitt fråstolen førarkortet ditt, kan du logge deg inn på vegvesen.no og melde tap av førarkort. Hovudregelen er at du kan få eit mellombels køyreløyve, og dette er gyldig i tre månader, med høve til forlenging éin gong – maks gyldigheit er seks månader frå den datoen du melde det tapt.

Nytt førarkort kan normalt bestillast etter fire veker

Fire veker etter at du melde førarkortet tapt, kan personar med bustad i Noreg bestille nytt førarkort på vegvesen.no.

Meir detaljert informasjon om tap av førarkort finn du på vegvesen.no.

Her finn du oversikt over tap av førarkort i alle fylke.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*