Daisybell - ei klokke med gass henger under helikopteret og utløyser skred med trykkeksplosjon. (Foto: Reidun Øverland)

Stenger vegen så ofte som nødvendig, men så sjeldan som råd

Publisert:
29. mai 2018
Av
Giselle Jensen

Aktive skredsikringstiltak er dyre, men det er vel brukte pengar. Der det lykkast kan det erstatte bygging av ein dyr tunnel.

Ein lang og kald vinter med mykje snø førte til at utgiftene til aktive tiltak mot skred auka i Region nord. Hittil i år har regionen brukt 1,5 millionar kroner på å utløyse kontrollerte skred med skredutløysar frå helikopter.

2000 skred og nedfall i året

Årleg blir vegnettet råka av 2000 skred og nedfall inkludert omkring 250 snøskred, 50 sørpeskred, 200 jordskred, 1300 steinsprang/steinnedfall og 250 isnedfall. Sikring av riks- og fylkesvegnettet kostar samfunnet omkring 1,3 mrd. kroner kvart år. Beløpet omfattar større og mindre tiltak som vollar, fanggjerde, tunnelar, overbygg og flytting av veg.

— Oversikta over kostnadene knytte til aktive skredsikringstiltak viser berre ein liten del av den totale handteringa i krevjande skredsituasjonar. Desse tala omfattar ikkje at alle fagfolk som byggherrepersonell og skredkyndige har jobba ekstra mykje med beredskap denne vinteren, eller kva det kostar at entreprenøren må patruljere og rydde etter skred hyppigare enn elles. Kostnadene av stengde vegar er heller ikkje med i denne oversikta. Dei reelle samfunnskostnadene er langt større enn desse beløpa, seier geolog Tore Humstad i Vegdirektoratet.

Førebyggande utløysing av snøskred

Målet med skredsikring er først og fremst å spare liv og helse, men det er også eit mål å redusere talet på timar med stengd veg slik at folk kan komme seg fram dit dei skal og varer kan leverast til avtalt tid. Derfor blir snøskred utløyste som eit førebyggande tiltak mens vegen er stengd ei kort stund. Då vil det ikkje bygge seg opp nok snø til at skredfaren trugar samfunnsfunksjonane meir enn nødvendig.

— Ein av grunnane til at vi har hatt spesielt stor skredaktivitet i vinter, er at det mange stadar var svært kaldt med lite snø tidleg på vinteren. Det førte til at det danna seg vedvarande svake lag, det vi kallar ‘kantkornsnø’ eller på folkemunne ‘sukkersnø’ som det ikkje er noko hald i. Når det så kom store snømengder seinare på vinteren, som la seg på toppen av den ustabile snøen, så førte dette til mange store skred, forklarer Humstad.

Snøskredtårn er eit av virkemidlane  for å utløyse kontrollerte skred.

Gassklokke er ein effektiv skredutløysar

Daisybell er ei klokke med gass som heng i wire under helikopter og blir brukt til å skape ein trykkeksplosjon som utløyser skred.

— Daisybell kan også brukast for å få stadfesta om det er fare for skred eller ikkje slik at vegen kan haldast open med minst mogleg usikkerheit. Ved å teste snøen får vi eit mykje betre grunnlag til å avgjere at vegen skal haldast open, påpeikar Tore Humstad. Stengde vegar skaper store problem for fastbuande, men kan også vere vanskeleg for tilreisande turistar.

Nervepirrande

I Region nord blei årets påske spesielt krevjande.

— Kollegaene våre leverte ein imponerande innsats for å halde vegane opne så snart det blei trygt nok. Det kostar litt, men er veldig bra for dei som bur og ferdast under fjellet, slår Humstad fast.

Han er opptatt av at folk som bur i skredutsette område skal få god informasjon gjennom trafikkmeldingar om kva som er bestemt om stenging av vegen, og når neste vurdering skal takast. Størst mogleg føreseielegheit for å kunne planlegge aktivitetane sine er avgjerande for dei som bur i utsette område.

Fleire verkemiddel i kampen mot snøskred

— Vi prøver å stenge så ofte som nødvendig og samtidig så sjeldan som råd fordi det skaper store ulemper. Bygdesamfunn som er heilt avhengige av den eine vegen fordi det ikkje finst omkøyringsveg, blir ofte prioriterte når vi vurderer bruk av verkemiddel. For det er etter kvart ein del verktøy i kassa som kan sikre liv og helse under fjellet. I tillegg til den mobile Daisybell har vi blant anna i Skillefjord i Alta fastmonterte tårn med gassrøyr som detonerer ei gassblanding av propan og oksygen i ein eksplosjon som er retta mot snøen. Belastninga av eksplosjonen kollapsar svake lag i snødekket og startar eit snøskred, seier Humstad.

Geofonar er eit anna verkemiddel som skaper meir tryggleik under fjellet. Det er eit apparat som registrerer skakingar i fjellet. Dei blir sette opp i kjende skredområde og styrer lysanlegg på vegen nedanfor slik at det lyser raudt når det er fare for skred.

Kan spare samfunnet for store pengar

Sett frå ein samfunnsøkonomisk ståstad kan aktive skredsikringstiltak vere vel brukte pengar. I tillegg til å spare menneskeliv, kan slike tiltak fungere som eit godt alternativ eller supplement til kostbare tunnelar.

Les også: Utløer snøskred for å hindre ulykker på rasutsatte veier.

Én kommentar

  1. Stian Langeland sier:

    Heisann,

    Langs Fv. 53 Tyin – Årdal er det løst ut ca 200 skred de siste 2 vintrene med fastmonterte skredtårn. Vegvesenet beskriver prosjektet som er stor suksess! https://www.nrk.no/sognogfjordane/slik-held-dei-vegen-trygg-1.13975508

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*