- Med redusert reisetid mellom byane i regionen vert bu- og arbeidsmarknaden utvida og meir fleksibel. Dette er eit av elementa bak den politiske prioriteten med ferjefri E39, seier Signe Eikenes, prosjektleiar for E39 Aksdal - Bergen og Kjell Håvard Belsvik, prosjektleiar for kryssing av Bjørnafjorden. (Foto: Mathias Eidem).

Ferjefri E39: Handlar ikkje berre om fjordkryssingar

Publisert:
13. september 2018
Av
Linda Grønstad

– Ved å knyte saman Stord og Os vert det enklare å komme seg fram mellom Bergen og Stavanger – det kjem til å få stor betydning for heile regionen.

Det seier Signe Eikenes, Prosjektleiar for E39 Aksdal – Bergen og Kjell Håvard Belsvik, prosjektleiar for kryssing av Bjørnafjorden.

– Få ting opptar oss meir enn vegen vi køyrer på kvar dag. Vegen gjer det muleg for oss å komme oss til barnehage, skule, jobb, butikkar og sjukehus. Vegvesenet er oppteken av å bygge trygge vegar for framtida, og ferjefri E39 handlar ikkje berre om fjordkryssingar, vi utbetrar også vegane mellom fjordane, fastslår dei to.

Prioritering med å få på plass bru over Bjørnafjorden vart teke av regjeringa i desember 2013.

Dei forklarer vidare: Med redusert reisetid mellom byane i regionen, vert bu- og arbeidsmarknaden utvida og meir fleksibel. Dette er eit av elementa bak den politiske prioriteten med ferjefri E39. Ferjefri kryssing av Bjørnafjorden (Hordfast) og Rogfast vil opne for vekst og vere positiv både for bedrifter og reisande.

Bru framfor ferje gjer stor forskjell

– Ein gløtt over til Sotrabrua, Trekantsambandet og Nordhordlandsbrua fortel at bru for ferje gjer ein stor forskjell! Planforslaget for E39 Stord-Os har som mål å skape ei ønska samfunnsutvikling basert på utvida bu- og arbeidsmarknad langs E39. Vi veit at mange meiner Hordfast er kostbart og at pengane kunne ha kome betre til nytte andre stadar. Hordfast er likevel nyttig for samfunnet, understrekar Belsvik.

– Prioritering med å få på plass bru over Bjørnafjorden vart teke av regjeringa i desember 2013 ved at ein la til grunn midtre alternativ i KVU Aksdal-Bergen.

Når vil ein oppnå ønska effekt?

– Det er mange variablar som avgjer kor raskt vi vil oppnå ønska effekt, eitt av dei er utbyggingstempoet. Vi veit at om Hordfast ikkje blir realisert må ein betale for ferja i all framtid. Tilsvarande veit vi at ei døgnopen bru gir innkorta reisetid, og vil være lønsam. Ved å byggje bru over Bjørnafjorden bind vi samen to av dei største byområda i landet. Dette er eit område med stor eksportretta næring der alle kostnadsreduserande tiltak for næringsaktiviteten hjelper til å styrke konkurranseevna i regionen, forklarar Belsvik. Når det gjeld spørsmåla om byggestart og bompengar, så kan ikkje Statens vegvesen forskottere Stortinget sine framtidige vedtak , seier Eikenes.

Bruer og vegar endrar busettingsmønstre

– Utan Nordhordlandsbrua, Askøybrua og Sotrabrua hadde ikkje tettstadane i tilknyting til desse bruene opplevd den veksten dei har hatt, seier Belsvik.

Bergen får stor nytte av verdiskapinga i regionen, og vil trekkje til seg arbeidskraft og kompetanse.

– Sotrabrua opna i 1971, og allereie frå slutten av 1980-tallet var kapasiteten sprengd, og folketalet på Sotra har auka frå 23 000 i 1990 til cirka 35 000 i dag. Med eit ferjefritt samband mellom Stord og Os kan vi få ei liknande utvikling av området mellom Bergen og Stavanger. Når vi knyt saman Sunnhordland og Bergen blir det like raskt å kome seg frå Tysnes til Bergen som det er frå Os til Bergen i dag, sier han.

Eikenes forklarar at ein kan velje å bu landleg samtidig som det er lett å kome seg til og frå sentrum.

– Tettstadar og byar innanfor ein radius av éin times køyring til og frå store bysentra, opplever tilstrøyming av folk som vil bu der.

Belsvik poengterer at Bergen får stor nytte av verdiskapinga i regionen, og vil trekkje til seg arbeidskraft og kompetanse. Med ny ferjefri E39 kan ekspressbuss mellom Bergen og Stavanger bli eit konkurransedyktig alternativ til fly. Når vi i framtida køyrer med el-drivne transportmiddel, vil utsleppet frå vegtransporten sjølvsagt gå vesentleg ned.

Ei investering for framtida

Å styrke infrastrukturen på Vestlandet kostar pengar.

– Vi må løyse nye utfordringar og utvikle ny teknologi. Vi skal bygge trygge vegar for framtida, og utgreier grundig for å vere sikre på at vi vel riktige og gode løysingar. Vi tøyer grenser men på ein trygg måte, seier Belsvik. Kor stor samfunnsnytten vert, er i stor grad avhengig av kva analyse- og berekningsmetodar som ligg til grunn. Hordfast gjev stor samfunnsøkonomisk nytte med gjeldande metodikk.

Hordfast gjev stor samfunnsøkonomisk nytte med gjeldande metodikk.

– Vi har den nødvendige kunnskapen for å realisere målet om å styrke bu- og arbeidsmarknaden langs Vestlandskysten. Dette er ei ønska utvikling for alle oss som bur i regionen, avsluttar dei to.

Stord-Os-parsellen inneber ferjefri fjordkryssing og ein trasé som går frå Stordøya i sør, via Reksteren i Tysnes kommune og vidare til Os kommune i nord.

(Filmen nedanfor er laga av Gemini Forskning, SINTEF/NTNU). 

Kommentarer (2)

  1. Nils Nonås sier:

    Kvifor ikkje leggja vegen til den indre trasé som vil gje 15 minutt lengre kjøretid. Den treng ikkje byggjast med 4 felt, kanskje med vekselsvis 3 felt slik som svenskane gjer. Den vil og utløysa mykje meir byggjeland enn Os traseen. Den kan og byggjast med kjent teknologi og til ein rimeligste kostnad. Eg føler meg sikker på at når departementet og vegvesenet kjem til sans og samling kjem dei nok attende til den indre trasé

  2. Signe Eikenes sier:

    Hei Nils!
    Som grunnlag for val av ytre-, midtre- eller indre trasé vart det gjennomført ein KVU (konseptvalutgreiing) med KS1 (ekstern kvalitetssikring). Konklusjonen i 2012 var at indre og midtre trasé vil koste omtrent like mykje, men samfunnsnytten er vesentleg betre for midtre linje på grunn av kortare reisetid. Regjeringa bestemte difor i desember 2013 at vi skulle gå vidare og planlegge midtre linje med bru over Bjørnafjorden.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*