Signe Eikenes er optimistisk med tanke på kostnadsreduksjon, og meiner at om eit år vil dei har meir handfaste tal å komme med. (Foto: Vianova/Baezeni).

Kryssinga av Bjørnafjorden kan gjerast enda billegare enn fyst planlagt

Publisert:
9. oktober 2018
Av
Silje Alvsaker

I 2009 starta utgreiinga av kryssing av Bjørnafjorden, som fyrst hadde eit overslag mellom 9 og 22 milliardar, avhengig av kva for eit brualternativ ein ville gå for. Brualternativa den gongen var røyrbru, hengebru på flytande fundament og flytebru.

Fram mot 2016 vart usikkerheiter redusert og heile prosjektet Stord-Os fekk då ein førebels kostnad på 43 milliardar. Brua over Bjørnafjorden var då anslått til 24 milliardar kroner. Denne summen inneheld ein årleg prisstigning på 2,5 prosent og meirverdiavgift etter endringane staten innførte i 2013.

Veit meir om eit år

– Berekningar viser at prisen i 2017-tal, for heile strekninga frå Stord til Os, er anslått til 35 milliardar. Vi meiner no at kostnaden kjem på under 30 milliardar for heile prosjektet, seier prosjektleiar Signe Eikenes.

I 2017 vart det tatt eit val om å gå vidare med flytebru til ein anslått kostnad på 17 milliardar. Desse summane inneheld 25 prosent meirverdiavgift.

Eikenes er optimistisk med tanke på kostnadsreduksjon, og meiner at om eit år vil dei har meir handfaste tal å komme med.

Kostnadskutt på materialval

Tidlegare har det vist seg at god planlegging gjev lågare kostnadar. På brua over Bjørnafjorden har materialval og mengde spela ei stor rolle for å få redusert kostnaden, utan at brua vert mindre robust.

I oktober vert kommunedelplanen for E39 Stord-Os sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Når den er vedteken startar arbeidet med reguleringsplanen.

Les også: Vegvesenet skal knyte Bergen og Stavanger nærare saman
Her kan du lese meir om Ferjefri E39.

Én kommentar

  1. Øyvind Halleraker sier:

    Dette er veldig bra og viser at Statens Vegvesen har tatt bestillingen fra Regjering og Storting på alvor.
    Kostnadene måtte ned og man måtte derfor legge bort uprøvde og spektakulære løsninger hvor kostnadsbildet var preget av stor usikkerhet.
    Nå konsentrerer man seg om 2 konvensjonelle løsninger for flytebroen med langt mindre usikkerhetsmargin og lavere totalkostnad. Kostnadsreduksjonene er nå på ca 30 % og er på vei ytterligere ned.
    Godt jobbet ! – og virkelig et eksempel til etterfølgelse også for andre store prosjekt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*