I Rogaland er det satt ut 72 dunkar - her frå Mortavika. (Foto: Bjørn Egil Gilje).

Smarte løysingar for søppelhandtering

Publisert:
15. oktober 2018
Av
Bjørn Egil Gilje

Du har sikkert høyrt om smart-telefon og smart-tv. Men har du høyrt om smarte søppelspann? Dei komprimerer søppelet kraftig, drive av straum frå solceller på søppelkassen. Dei melder sjølve inn via wifi kor fulle dei er og når dei treng tømming.

Kassane er sterke og smarte. Smarte søppelkassar gjer allereie storbyar som Stockholm, Berlin og San Fransisco reinare. Rogaland er eit av fleire fylker der desse er i ferd med å bli eit vanleg syn. Dei står på rasteplassar, kollektivterminalar og ferjekaiar.

Prosjektleiar for driftskontraktane Stavanger og Høgsfjord, Truls Kolnes i Statens vegvesen, er veldig nøgd med nyvinnga, som er eit samarbeid mellom Vegvesenet og driftsentreprenørane Presis vegdrift og Mesta.

Dunkana er utstyrt med solceller og wifi, og dei varslar når dei er fulle. (Foto: Bjørn Egil Gilje).

Stor miljøgevinst

– Vi fekk den første i Stavanger i september 2017. Dette er ei vinn-vinn-løysing. Systemet er lukka, vi slepp problem med rotter og måker som roter i søpla. Miljøgevinsten er stor, vi slepp å køyre og sjekke spanna, for vi får beskjed når spanna er fulle. I tillegg går det lenger tid mellom kvar gong dei må tømmast, fordi Bigbelly komprimerer søppelet. Alt i alt blir det mykje mindre køyring, seier Kolnes.

Ein søppeldunk kostar 40.000 kroner, men Kolnes meiner Statens vegvesen tener inn investeringa på eit halvt år.

Ifølgje avisa Naturpress viser statistikk frå Stockholm at miljøgevinsten er stor. I den svenske hovudstaden har systemet redusert talet på søppelsekkar og tømmingar med 97 prosent. CO2-utsleppet frå køyring og transport er redusert med 92 prosent.

Reinare og ryddigare for publikum

I driftskontrakt Stavanger er det kjøpt 36 Bigbellyar. I Høgsfjordkontrakten er talet 15. Prosjektleiar Tor Oscar Walskaar i Statens vegvesen fortel at dei i Dalanekontrakten har 21 søppelkassar. Kontraktane har ein eigen portal med oversikt over alle søppelkassar og status for dei enkelte.

Entreprenøren er veldig nøgd med ordninga.

Dét stadfester driftsleiar Harald Nærland i Presis vegdrift, som har driftskontrakt Stavanger.

– For oss er dette ei mykje meir effektiv ordning. Vi slepp å sjekke dunkane og det går lenger tid mellom tømmingane. I tillegg er det reinare og ryddigare for publikum, seier Nærland.

Byggeleiar Sigbjørn Øverland Sande i Statens vegvesen har ansvar for Høgsfjordkontrakten. Han har full oversikt over dunkane i «sin» kontrakt. (Foto: Truls Kolnes).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*