På Grannessletta i Sola kommune i Rogaland har de valgt å prioritere syklistar. (Foto: Kjersti Sandvik Bernt).

Her blir syklistane prioritert

Publisert:
19. november 2018
Av
Kjersti Sandvik Bernt

Ein detektor med varmesøkande kamera fangar opp syklisten som nærmar seg krysset. Grønne ledlys i bakken blir tent og viser veg mot krysset.

Kjem det nye syklistar bak, kan dei auke farten for å rekke å sykle langs den grønne halen, og dermed ha grønt lys når dei kjem fram til krysningspunktet (sjå video nederst i saka). Dette blir nå prøvd ut i et kryss på Grannessletta i Sola kommune i Rogaland.

– Poenget med dei grønne lysa er å fortelje dei som syklar at lyssignalet skiftar. Då kan dei lettare tilpasse farten til å treffe det grønne lyset ved å henge på syklisten framføre, eller å roe ned til neste fase med grønt, forklarer Fredrik Nårstad Jensen, som leiar sykkelfaggruppa i Bymiljøpakken.

Poenget med dei grønne lysa er å fortelje dei som syklar at lyssignalet skiftar.

Krysset med den grønne halen er inspirert av ei løysing i Danmark – og er det første av sitt slag i Norge.

Frå gang- og sykkelveg til sykkelveg med fortau

Krysset på Grannes er ein del av sykkelvegprosjektet Grannessletta på fylkesveg 382 i Sola kommune, og det blei opna tidleg i oktober. Prosjektet er noko så uvanleg som eit prosjekt som erstattar ein gang- og sykkelveg, med sykkelveg med fortau.

– Tidlegare fungerte kryssinga av vegen dårleg, og kapasiteten på gang- og sykkelvegen var allereie sprengt. Så mange som 1000-1500 syklar her dagleg, forklarer Anne Margrethe Skretting, som var prosjektleiar for prosjektet på Grannessletta.

Prosjektet bidrar dermed til betre trafikktryggleik både for dei som syklar og går. Grannessletta er skuleveg for mange og hovudsykkelrute mellom Madla og Forus.

Tidlegare fungerte kryssinga av vegen dårleg, og kapasiteten på gang- og sykkelvegen var allereie sprengt.

– Det er difor viktig at spesielt dei som syklar her tek omsyn til dei mange skulebarna som skal til og frå Grannes skole, avsluttar Skretting.

Idé og finansiering

Ideen til å bruke ‘den grønne halen’ i dette krysset, kom frå planprosjektleiar Elin Dalen-Rasmussen. Vegdirektoratet måtte godkjenne bruken av grønn hale i prosjektet. Informasjon frå produsenten fortel meir om løysinga.

Sykkelprosjektet på Grannessletta er finansiert av bompengar frå Bymiljøpakken.

Kommentarer (2)

  1. ks fredriksen sier:

    Med «bestillingsgrønt for sykkel» og så bredt sykkelfelt kunne man gitt høyere prioritet til sykkel ved å legge sykkelkryssingen i bedre kurvatur (på skrå). Spesielt på vinterføre er dette av betydning.

  2. Peter sier:

    «Prioritert»? Med 2x 90 grader vinkel for å kjøre rett frem? I en bilvei ville man kalle det unødvendig mobbing av bilistene. Sykkelstier er fortsatt ikke mer enn en ettertanke som planlegges når bilveien er på plass. Det er bilen som blir prioritert, å påstå noe annet er tull.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*