I løpet av 48 timar var 250 intervjuarar i sving. (Foto: Bjarte Børtveit).

Vestlandsrapporten: Lastebilane står for heile veksten i godstrafikken på Vestlandet

Publisert:
14. november 2018
Av
Silje Alvsaker

Mellom aust og vest har godstransporten auka med 100 000 turar på sju år. Transport på bane og sjø har det om lag ikkje vore vekst.

Dei siste sju åra har gods som vert frakta til sjøs og på bane vore relativ stabil. No utgjer godstransport på veg om lag 100 000 fleire lastebilturar til og frå Vestlandet enn for sju år sida.

Det viser funn gjort etter 13 000 intervju på 48 timar i april i år. Dette er no samla i Vestlandsrapporten, ei undersøking Statens vegvesen står bak. I tillegg er det samla inn data frå hamnar og jernbaneterminalar, og gjennomført 25 djupneintervju.

Asplan Viak og Norce har vore engasjert av Statens vegvesen, fylkeskommunane i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Rogaland for å kartlegge godstransporten på Vestlandet.

Her kan du laste ned Godsundersøkelse Vestlandet 2018.

Funna skal nyttast til å analysere regionane og etaten sitt handlingsrom for å nå måla om å få gods frå veg og over til bane og sjø.

For Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Rogaland fylkeskommunar er det utarbeida meir detaljerte delrapportar. Dei kan du laste ned med å trykke på fylkesnamna.

Liknande undersøking gjennomført i 2012

Sist det vart gjort ein liknande, men ikkje like omfattande, undersøking var i 2012. Vegvesenet ønska å sjå på utviklinga frå den gong.

– Funna skal nyttast til å analysere regionane og etaten sitt handlingsrom for å nå måla om å få gods frå veg og over til bane og sjø, med ein meir effektiv og miljøvennlig transport, seier senioringeniør Bjarte Børtveit, som har leia arbeidet med Vestlandsrapporten.

Fullare bilar

I 2017 vert 46 prosent av all gods til og frå Vestlandet frakta på vegen, mot 39 prosent i 2010. Samstundes er sjøtransporten redusert med sju prosent, frå 49 prosent til 42 prosent i 2017.

Vestlandet har hatt ein god vekst i godsmengdene totalt sett, men nesten all vekst skjer på vegnettet.

– Desse tala betyr ikkje at det går mykje mindre gods på bane og sjø no enn tidligare. Vestlandet har hatt ein god vekst i godsmengdene totalt sett, men nesten all vekst skjer på vegnettet. Særlig på fjellovergangane ser vi ein vekst i både kor mange turar som er gjennomført og kor mange tonn som vert frakta. Det er positivt at bilane er fullare enn før, seier Børtveit.

Transportmiddelfordeling av godsmengde transportert til og frå Vestlandet mellom 2010-2017.(Foto: Statens vegvesen).

Veg vinn framfør bane og sjø

Sentralisering av lagerfunksjonar, stadig betre vegnett, effektivisering, regelverksendringar og internasjonalisering med mellom anna auka kabotasje, samt billigare arbeidskraft vert trekt fram som nokon av faktorane som gjer at vegtransporten vinn konkurransen om transportoppdrag.

Ein tydleg trend er at det er fleire mindre sendingar på vegen. Likevel har gjennomsnittlig lastevolum auka frå 13,4 tonn til 14,7 tonn. Ei truleg forklaring på auken er større køyretøy og at transportørane er flinkare å fylle køyretøya sine.

Austlandet er navet i godstransporten

Svært mykje av godset som vert fordelt i Norge er innom sentrale delar av Austlandet, kor mange av transportørar og vareeigarar har store terminalar og lager. Her kjem godset på veg eller sjø, for det vert distribuert ut til resten av landet. Gods skal også motsett veg, men volumet her er mindre enn det som skal ut. I Sør-Noreg er det altså ein tydeleg og aukande ubalanse i det som vert frakta ut og inn av Austlandet.

Det  er lite som tyder på at det sentrale Austlandet vil verte mindre viktig for godstransporten i Noreg.

– Dersom gods frå Europa vert dirigert om direkte til Vestlandet, vil det nok gi ein tydleg miljøgevinst. I godsstraumen frå Europa ligg det nok også eit potensial. Då er vi avhengig av at transportørar og vareeigarar ønskjer å byggje opp sin eigen logistikk og infrastruktur for å styre godset direkte til Vestlandet, seier Børtveit.

Ifølgje Børtveit er det lite som tydar på at trenden med auka gods på veg vil snu med det fyrste.

– Med dei investeringane som ligg i NTP, samt måten næringslivet har innretta seg dei seinare åra, er det lite som tyder på at det sentrale Austlandet vil verte mindre viktig for godstransporten i Noreg.

På 21 kontrollstasjonar langs heile vestkysten vart godstransportsjåførar stansa.(Foto: Statens vegvesen).

Godt motteke

I løpet av dei to døgna var 175 intervjuarar, hovudsakeleg studentar og pensjonistar, og 70 tilsette frå Trafikant og køyetøy-avdelingar i Vegvesenet ute på 21 kontrollstasjonar langs heile vestlandskysten frå Rogaland til Møre og Romsdal.

Børtveit er godt nøgd med korleis det blei møtt av godstransportsjåførane.

– Vi forsøkte å vere så effektiv som mogleg, og vart svært godt motteke. I forkant hadde vi sendt brev til bransjeorganisasjonar og store transportørar, og mange hadde fått med seg at heldt på med ei undersøking. Det var god stemning.

Én kommentar

  1. karl s fredriksen sier:

    Region sør fant samme hovedkonklusjon fra tilsvarende prosjekt ca i 2006: Sjø og bane taper for lastebilen til tross for politiske forhåpninger. Varene importeres til Oslo og skal derfra til overalt inklusive Vestlandet og terminalhånadtering er dyrt. Jernbanen i Osloområdet prioriterer persontransport framfor gods (tett flaskehals under Oslo), mens (motor)veiene bygges i økende tempo i Sør-Norge. Spesielt er at ledig lastebilkapasitet fra vest til øst gjør at lastebilen vinner øst/vestkampen framfor sjø/bane.

    Gjerne mer gods på bane og sjø, men viktigere er å få lastebilen utslippsfri!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*