Ahmed Al-Samarray og Eik Jensen har brukt seismikk under drivinga av to transporttunnelar i Arsvågen i Bokn kommune, og begge meiner det kan bli nyttig når hovudløpa skal sprengjast. (Foto: Øyvind Ellingsen).

Rogfast: Seismikk i tunnel innfrir

Publisert:
5. desember 2018
Av
Øyvind Ellingsen

Kontrollingenørene Ahmed Al-Samarray og Erik Jensen er dei fyrste som skal bruke seismikk under tunneldriving. Testane viser at det blir nyttig.

Rogfast blir med 27,6 kilometer den lengste og med en dybde på 392 meter den djupaste vegtunnelen i verda. Lengda og dybden gjer at det er mykje usikkerhet knytt til bergkvaliteten. Geologirapporten viser tre typar svakhetssoner og at det er antatt 24 soner med svakt havbunn-fjell i den dårlegaste klassa. (klasse III)

– Det blir krevjande, men ikkje verre enn kva dyktige entreprenørar vil løyse, seier byggjeleiar på Kvitsøy-kontakten Sveinung Brude. Han var også byggjeleiar for den 24,5 kilometeren lange Lærdalstunnelen, som åpnet i 2000.

Arbeidet med å «lese» seismikkdata er tidkrevjande, men vil med meir erfaring gå raskare. (Foto: Øyvind Ellingsen).

Seismikk gir meir informasjon

Med seismikk kan bergkvaliteten som ligg 100-150 meter framover frå tunnelstuffen (tunnelveggen) blir kartlagt.

– Ulempa med tradisjonell seismikk frå havbotn er at nøyaktigheita blir mindre dess djupare tunnelen er. Rogfast skal ned til 392 meter, som betyr at vi ikkje har gode nok data på svakhetssonene og den generelle bergkvaliteten, seier Ahmed Al-Samarray. Han har saman med Erik Jensen brukt seismikk under driving av dwi to 1900 meter långe transporttunelene i Rogfast

– Med å bruke seismikk på stuff får vi meir nøyktige data 150 meter framover, utdjupar Jensen.

Ved bruk av seismikk på stuff forventar byggjeleiinga at ein vil bruke mindre kjerneboring. Årsaka er det å starte kjerneboring kan vente til dataene frå seismikken viser ein aktuell svakhet i geologien.

Med å bruke seismikk på stuff får vi meir nøyktige data 150 meter framover.

– Vi forventar å bruke kjerneboring til å kartleggje geologi der det er svakast berg. Det vil bli brukt tradisjonell prøveboring for å kartleggje vannlekkasje og behov for injisering av berget, seier byggjeleiar Sveinung Brude.

Bratt læringskurve

Den 700 meteren lange transporttunnelen utanfor Stavanger er ferdig sprengd, mens det er nokon hundre meter igjen før dei to 1900 meter lange transporttunnelane på nordsida er ferdig sprengd.

Alt i alt, så har vi god erfaring med å bruke seismikk under drivinga, og resultata er riktige målt mot bergkvaliten vi forserer undervegs.

– Læringskurven er bratt, og det er fleire arbeidsoperasjonar som har gått raskare enn vi hadde føresett. Montering, ladning og skyting av seismikk på stuff tek mykje kortare tid enn venta. Ved å nytte det som heiter, gruppeskyting, som inneber at alle 24 hol blir delte inn i fire grupper (seks hol i kvar gruppe) og kvar gruppe blir skotne kvar for seg med eitt sekunds mellomrom, bidrar til ein betydelig auka effektivitet, fortel Ahmed Al-Samarray.

Erfaringa etter fleire månadar si testing har prosesseringa (tolking av data) teke lenger tid enn det dei to kontrollingeniørane forutså.

Havbunn-fjellet i Rogfast-traséen består av mange forskjellige bergartar, og det er også uvisse knytt til lausmassesone. (Illustrasjon: Statens vegvesen).

Stor tru på metoden

– Vi brukar nå to tre dagar å lese resultata, men vi reknar med at vi med meir erfaring vil bruke én dag, fortel Erik, og Ahmed utdjupar: – Alt i alt, så har vi god erfaring med å bruke seismikk under drivinga, og resultata er riktige målt mot bergkvaliten vi forserer undervegs.

Begge meiner at dei nærmar seg målet – å utnytte seismikk-teknologien under tunneldriving.

– Vi har stor tru på denne metoden, seier Ahmes Al-Samarray.

Se animasjonen som viser hvordan kjøreturen gjennom Rogfast blir:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*