Vegvesenet stiller sterkt til Ryfastløpet. Frå venstre bak: Simen Auli Staff, Knut Hausken, Gunnar Eiterjord, Fredrik Nårstad Jensen, Lars Kristian Aastvedt, Sindre Bjørheim og Martin Blystad. Foran frå venstre: Thomas Wardman, Helen Strømberg, Stephen Colgrave, Regina Bentz og Henriette Nesset. (Foto: Øyvind Ellingsen).

Rekordpåmelding til Ryfastløpet

Publisert:
25. januar 2019
Av
Øyvind Ellingsen

I oktober går halvmaraton gjennom den lengste og djupaste undersjøiske vegtunnelen i verda. 5 000 er påmeldt, og no opnar dei for ytterlegare 2 500. Vegvesenet er godt representert.

Det var prosjektleiar for Ryfast, Gunnar Eiterjord i Statens vegvesen, som fekk idéen om å arrangere eit halvmaraton gjennom Hundvåg- og Ryfylketunnelen. Den superaktive springe- og skientusiasten hadde nok neppe sett for seg den ekstreme interessa for å få lov å springe 21 kilometer gjennom to tunnelar.

Også SVV-tilsette tente på idéen.

Tek løpet for å kome i form

– Eg gler meg, men har aldri sprunge så langt før. Forma er relativt god, men eg må nok trene meg opp til oktober, seier kontrollingeniør Knut Hausken i Statens vegvesen. Han er ein av dei over 20 tilsette i region vest som er påmeldt til det noko spesielle løpet.

Han er ikkje redd for å springe seg vill.

– Eg har vore med å byggje tunnelen, og skal kunne springe gjennom med bind for auga, seier han og ler.

No har vi bestemt at vi opnar for 2500 fleire påmeldte.

Prosjektleiar Gunnar Eiterjord er overraska at det gjekk så fort å fylle opp 5000 plassar.

– Det er fantastisk bra med 5000 påmeldte, og det må vere eit av dei største mosjonsløpa i landet. No har vi bestemt at vi opnar for 2500 fleire. I farten trur eg berre det er Oslo og Bergen maraton som er større, seier Eiterjord.

Grete Waitz-løpet i Oslo var eit av dei største mosjonsløp i verda og samla heile 40.000 deltakarar på det meste. Men i dag er det ikkje mange løp i Norge som kan vise til over 4000 påmeldte.

Internasjonal oppsikt

Om ni månader opnar Statens vegvesen tunnelane for folk med joggesko. Det vil seie eit par månader før tunnelane opnar for bilar. For å delta må ein vere født i 2004 eller før, det vil seie minst 15 år gammal.

Løpet har også fått internasjonal merksemd, og det er også påmeldte frå andre land. Eiterjord har sjølv planar om å delta og er ein av dei få som har moglegheita til å trene i tunnelane på førehand.

Løpet har også fått internasjonal merksemd, og det er også påmeldte frå andre land.

– Det kan hende at eg tek meg ein liten tur, men det er nok ikkje der eg kjem til å trene til løpet. Det skal vere likt for alle, ler Eiterjord.

Han forventar ikkje dei beste tidene på grunn av motbakkane i tunnelane. Men sjølv om det ikkje blir rekordtider på halvmaraton, blir det uansett eit historisk løp, som det fyrste og einaste i sitt slag.

Folkefest på Strandalandet

– Det blir folkefest i målområdet, og inntektene går til idrettslaga som er med på å arrangere løpet, seier Eiterjord.

Staal Jørpeland og Midtbygden IL er hovudarrangørar av løpet, mens Statens vegvesen, Skjalg IL og Stavanger skiklubb er medarrangørar.  I tillegg til halvmaraton blir det også eigne barneløp på rundt 1 kilometer både i Stavanger og i Strand. Det blir også motbakkerenn på rulleski for barn (1 kilometer) og eit renn for dei vaksne på 4,5 kilometer med start på det djupaste punktet i Ryfylkestunnnelen 292 meter under havoverflata.

På nettsidene til Statens vegvesen finner du mer informasjon om Ryfast.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*