Det er eit flott friområde som bebuarane i Hundvåg bydel no kan bruke til rekreasjon. Parken er knytt saman med den nye turstien Stavanger kommune la i same område. (Foto: Anko)

Tunnelstein frå Ryfastutbygginga har blitt parkar og industriområde

Publisert:
5. april 2019
Av
Øyvind Ellingsen

Det er store dimensjonar på Noregs største tunnelprosjekt, Ryfast, og det er til dømes tatt ut om lag fire millionar kubikkmeter med stein.

Desse tunnelmassane har blitt nytta til både industriområde og friluftsområde i nærmiljøet. Det mest synlege nye friområdet som er blitt bygd, er parken over Miljøkulverten over E39. Den bind saman to store friområde nær Stavanger sentrum – Vålandsskogen og Mosvatnet. Dette området blir offisielt opna i dag, 5. april, av ordføraren i Stavanger, Christine Sagen Helgø.

Den nye parken over Miljøkulverten får mykje ros av brukarane. Det er totalt planta cirka 40 000 plantar, busker og tre under bygginga av Ryfast. Parken blir offisielt opna i dag, 5. april. (Foto: Anko).

 Når vi fyrst etablerte lekterkai og utskipingsområde på Kuneset, som den gongen var på åtte dekar, fann vi i samarbeid med kommunen ut at løysinga var å opparbeide dette som eit flott, nytt friluftsområde for innbyggarane på Hundvåg. I sluttfasen har vi lagt ned mykje ressursar i at friområdet skal vere brukarvennleg og godt tilpassa landskapet, seier prosjektleiar Gunnar Eiterjord.

330 dekar med nye industriområde

I desember opnar Ryfast, som består av tre tunnelar: Eiganestunnelen, Hundvågtunnelen og Ryfylketunnelen. Totalt er det bygt 52 281 meter tunnel. Det har blitt fyrt av om lag 18 000 salver. Resultatet er enorme mengd tunnelmasse.

 Vi har klart å bruke all masse til samfunnsnyttige formål. Vi har fylt ut det aller meste i sjøen, og dette har blitt til 330 dekar med nye industriområde. Vi har og laga nye flotte friområde i Stavanger – som på Kuneset i Hundvåg bydel, der det har blitt ein ny park på 31 dekar, seier Eiterjord.

Utfordrande å byggje i ein by

Det nye industriområdet på Buøy er over 100 dekar. (Foto: Skydrone)

Å byggje gigantprosjektet i ein by har vore utfordrande, men med god planlegging og dyktige entreprenørar har arbeidet blitt utført utan store problem.

Vi har klart å bruke all masse til samfunnsnyttige formål.

Massane som er tatt ut i sørenden av Ryfylketunnelen, er frakta med lektarar til Buøy. 829 000 kubikkmeter tunnelmasse er nytta for å fylle ut eit 100 dekar stort nytt industriområde. Buøy er eit av Stavanger sine største næringsområde med Rosenberg Verft som den største enkeltbedrifta.

– Løysinga med lektertransport frå Kuneset blei vald fordi det ville vore negativt med tanke på miljø- og trafikktryggleik i lokalmiljøet, om ein skulle køyre all overskotsmasse vekk med lastebil via lokalvegnettet og sentrumsgatene, fortel Eiterjord.

250 lastebilar i døgnet

Massane frå Eiganestunnelen har blitt brukt til å fylle ut i Jåttåvågen, som er eit anna stort område for bustadar og kontorer i Stavanger. På det meste gjekk det 250 lastebilar i døgnet frå transporttunnelen som låg nær sentrum, og på den sterkt trafikkerte E39.

Transporten av ein million kubikkmeter tunnelmasse blei gjennomført utan eit einaste uhell. Planen til Stavanger kommune, for det 100 dekar store området, er å tilby tomter til bustadar samt å opparbeide en stor del til grøntområder for dei som bur ibydelen.

Det er og fylt ut store næringsområde i Ryfylke og ei vik i Stavanger sentrum. Alt er gjort i samarbeid med private utbyggarar og Stavanger kommune.

Store delar av tunnelmassen frå Eiganestunnelen er brukt til å lage eit 100 dekar stort industriområde i Jåttåvågen. Det er dokkane, der understellet til Statfjord-plattformane, blei bygt som no er fylt igjen. (Foto: Skydrone)

Fakta om Ryfast

  • Prosjektetet inneber å lage eit fastlandssamband mellom Ryfylke og Nord-Jæren, samt bygge nytt fastlandssamband mellom Hundvåg og Stavanger sentrum.
  • Eiganestunnelen er ein del av E39 Kyststamvegen mellom Kristiansand og Trondheim.
  • Det skal etablerast eit trafikksikkert vegsystem der ein løyser vegen sin funksjon både som stamveg og lokal hovudveg.
  • Totalkostnad 6,4 milliardar kroner Ryfast og 2,9 milliardar kroner E39 Eiganestunnelen (2014-prisnivå)
  • Opnast i 2019.

Én kommentar

  1. Karl S Fredriksen sier:

    Litt malurt: 3-400 000 tonn CO2 ekv er også en del av prosjektkostnaden. Herunder en ukjent løsning og kostnad ved å hente dette ned igjen fra atmosfæren..

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*