Brygga ved Gjendeosen med det nye terminalbygget tegnet av Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL. Foto: Harald Christian Eiken, Video & Multimediaproduksjon.

Stort løft for å gjere det betre på Gjende i Jotunheimen

Publisert:
19. juni 2019
Av
Henriette Erken Busterud

Gjendebåten har fått ny brygge og eit nytt lager. Utfartsparkeringa på Gjendeosen er flytta, og det har blitt ny parkering med plass til 800 bilar, toalett og sykkelparkering på Reinsvangen.

Rjupa utsiktsplass ved Nasjonal turistveg Valdresflye. Her er det vid utsikt over Vinstervatnet. Arkitekt: Knut Hjeltnes. ©Foto: Kjetil Rolseth

I dag inviterar Statens vegvesen til opning av første byggetrinn på Gjende. Gjende er ein av innfallsportane til Jotunheimen nasjonalpark med tilbod om parkering, kiosk, overnatting og skyssbåt. Gjende er ein av ti store turistattraksjonar som får eit solid løft gjennom Statens vegvesen sitt arbeid med Nasjonale turistvegar. Målet med satsinga er å styrke norsk reiseliv sin konkurransekraft lokalt, regionalt og nasjonalt

Utsiktspunkt og tiltak

Nasjonal turistveg Valdresflye fekk sine første utsiktspunkt Rjupa og Vargbakkane på kvar side av fjellet i 2005/ 2006. Statens vegvesen har også gjort mindre tiltak på utvalde småstopp, blant anna ved starten av fotturen til Bitihorn. Kunstverket “Rock on Top of Another Rock” av Peter Fischli og David Weiss kom på plass i 2012.

Detaljer av Vargebakkane utsiktspunkt på Nasjonal turistveg Valdresflye, fylkesveg 51. Arkitekt: Knut Hjeltnes. ©Foto: Jarle Wæhler, Statens vegvesen

På den gamle tomta til Vandrerhjemmet er arbeidet med Valdresflye 1389 i full gang. Bygget som inneheld kafe, toalett og varmestove vil bidra til auka tryggleik for ferdselen i fjellet. Bygget skal etter avtale driftast av Den Norske turistforening og skal stå klart til sesongen 2020.

Blant dei største satsingane

Utbygginga ved Gjende og prosjektet Valdresflye 1389 er saman med Vøringsfossen og Torghatten dei største tiltaka som inngår i satsinga på Nasjonale turistvegar framover mot 2023. Alle har økonomisk medverkad frå fylke og kommunar.

Byggetrinn 1. på Gjende er finansiert med bidrag frå Oppland fylkeskommune og Vågå kommune. Det ligg føre planar for nytt servicebygg med kafé, toalett og informasjon på Gjendeosen, men per dato er det ikkje midlar til gjennomføring av byggetrinn 2.

Statssekretær Tommy Skjervold i Samferdselsdepartementet står for den offisielle opninga.

Byggherre: Statens vegvesen
Arkitekt: Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL
Entreprenør: Brun Bygg AS

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*