Alternativ reisegaid til bilferien

Publisert:
23. juli 2019
Av
Kjell Bjørn Vinje

Litt research undervegs kan avdekka eit stort utval alternative, vegrelaterte attraksjonar…

Av Silje Drevdal

Korleis blir reiseopplevinga påverka av å ta i bruk litt utradisjonelle kjelder til informasjon?

Me testa strekninga fv. 55 Sogndal–Prestesteinsvatnet.

 

To vegobjekt, tett i tett …

Nye Loftesnesbrui vart opna med brask, bram og vestlandsvêr hausten 2018. Prosjektet vekte uvanleg stort lokalt engasjement og entusiasme. Kommunen og lokale krefter bidrog til at området rundt brua, og strandlinja inn i Sogndal sentrum, fekk ei grundig opprusting i same slengen. På Loftesnessida er det laga til parkanlegg og rasteplass med kunst på begge sider av brua.

Like nedanfor i strandkanten ligg eit lite, anonymt treskur – ikkje noko ein normalt ville lagt merke til. Nasjonal verneplan kan derimot fortelja at dette faktisk er nasjonalt verneobjekt nr. 159: ferjehus for kabelferje, «en typisk bygningstype fra midten av 1900-tallet». I «gamledagar» var det båt som gjaldt her, som so mange andre stadar på Vestlandet. Kommunen tilsette fast ferjemann med robåt i 1875. Seinare, då køyrevegen mellom Kaupanger og Loftesnes stod ferdig i 1938, sette Vegvesenet inn pendelferje over sundet. Faste ferjetider var det ikkje før i 1946. Ferja gjekk til november 1958, då gamle Loftesnesbrui stod klar. Siste året frakta ho 32 000 bilar og 126 000 passasjerar. No står maskinhuset att i skuggen av nyebrua.

 

Tunnelriket

Sogn og Fjordane har nest flest tunnelar av fylka i Noreg, kan Wikipedia opplysa. (Flest finn me i Hordaland – nye Vestland fylke skulle med andre ord ha god margin for å kalla seg tunnelfylket.) Lite overraskande difor at tunneloppgradering har vore ei vekstnæring i regionen dei siste åra. Tre av rundt 80 fylkesvegtunnelar som skal oppgraderast ligg i Luster.

Ved Røneidtunnelen finn ein eit anna godt døme på lokalt samarbeid: Luster kommune har laga ny gang- og sykkelveg mellom Marifjøra og Gaupne av tunnelmassane frå oppgraderinga av Røneidtunnelen.

Fv. 55 Marifjøra–Gaupne: Tunnelen har fått gul stripe, strekninga har fått gang- og sykkelveg med fjordutsikt.
Fv. 55 Marifjøra–Gaupne: Tunnelen har fått gul stripe, strekninga har fått gang- og sykkelveg med fjordutsikt.

Medan gamlevegen på utsida av Røneidtunnelen no blir nytta av gåande og syklande, står det verre til med vegstrekninga på utsida av Ottatunnelen, lenger inne langs Lustrafjorden.

Gamle Ottatunnelen: Ein av Noregs eldste tunnelar.

Det 56 meter lange holet i berget som fyrst bar namnet Ottatunnelen vart opna i 1899. Det gjer han til ein av dei eldste vegtunnelane i Noreg. I 1968 vart han erstatta av ein ti gonger lengre tunnel, som overtok namnet. Gamletunnelen og gamlevegen ligg der enda, men tidas tann har sett sine merke. Om ein vågar seg ut på gjengrodde stiar finn ein idyllisk utsikt over Lustrafjorden, bratte hamrar som heng over vegen, samt eitt og anna leirbål som vitnar om at vegen framleis blir nytta – om enn til andre føremål enn han vart bygd for.

Ein stad har berget gitt etter for tyngdekrafta, og teke vegen med seg. Her er det med andre ord ingen veg utanom lenger. Syklande kan trøysta seg med at nye Ottatunnelen har fått sykkelknapp i den nylege oppgraderinga.

 

Noko for ein kvar

Ved enden av landets lengste fjord passerer ein i raskt (sommar)tempo eit lite mikrokosmos av større og mindre, meir eller mindre vegrelaterte attraksjonar:

  • Nyleg oppattbygde vegar og vegkantar i Mørkridsdalen og Fortunsdalen etter storflaumen hausten 2018.
  • Dekorert busskur.
  • Kreativ og relevant lokal reklame.
  • Den nedlagde, freda Skjolden bensinstasjon, teikna av arkitekt Fr. Theodor Olsen.
  • Wittgenstein si hytte i fjellsida, og eit omdiskutert kunstverk til minne om den folkesky filosofen.

Turist-spotting på Norges tak

Sognefjellet er kanskje ikkje ei gjennomsnittleg vegstrekning, men kan likevel nyttast som eksempel på fleire typar norsk veg: historisk viktig ferdsleåre, vinterstengd fjellovergang, utgangspunkt (og no parkeringsplass) for folk som fer i fjell, og turistveg par excellence.

Fartsgrensa er 80 km/t over stort sett heile fjellovergangen, men i juli bør ein ikkje kalkulera med å komma over 55 km/t. Helst bør ein også ta høgde for nokre periodar med fart på 0 km/t, i tilfelle campingvogn på avvege, ryggeufør turist, eller andre hendelege sommarhendingar. Tilhøva ligg med andre ord ypparleg til rette for å nyta dagen, drikka kaffi, ta sjølviar, eller driva med turist-spotting.

Sommar-Noreg
Sommar-Noreg.

 

Stein på stein

Sognefjellet byr då også på attraksjonar for ein kvar smak: på dei mange rasteplassane finn ein spektakulær utsikt over fjellheimen, varierte kunstinstallasjonar, eksotiske folkeslag, og utgangspunkt for vekelange fjellturar eller korte beinstrekk.

Køyrevegen over fjellet stod ferdig i 1938, men her har trafikken vore stor i hundrevis av år – vegen over Sognefjellet er nemnd i skriftlege kjelder allereie på 1400-talet. Før det fanst veg, fanst det vardar som losa folk over. Mange av desse står enda. Varderekka er verna (objekt 154 i Nasjonal verneplan) og kan følgjast frå bilvindauga over nesten heile fjellet.

Ingen veit kor lenge varden har stått her.
Ingen veit kor lenge varden har stått her.

 

Forslag til research / alternative reisegaidar:

 

Forslag til vegrelatert underhaldning undervegs:

  • Telja campingbilar/-vogner (for dei som er ekstra glade i tal kan det òg vera aktuelt å t.d. rekna ut campingbilfrekvensen på utvalde strekningar – fv. 55 Gaupne–Skjolden har ein frekvens på om lag seks bilar per mil).
  • Telja bilar etter nasjonalitet (her er det rom for veddemål med ispremie).
  • Telja tunnelar (ev. med underkategoriar som «over/under 500 m», «skal oppgraderast/er oppgradert», «har (ikkje) DAB», osb.).
  • Telja rasteplassar (med/utan utsmykking/utsikt/villcamparar/(tett) toalett, e.l.).

 

Ha ein fortsatt god vegsommar!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*