Oppgaven i prosjektet Ferjefri E39 er å gjøre teknologien tilgjengelig og kutte kostnader. Illustrasjonsfoto fra Bjørnafjorden - en av fjordene langs E39. (Illustrasjon: AMC)

Foreslår bogeforma flytebru i Bjørnafjorden

Publisert:
17. september 2019
Av
Silje Alvsaker

Med ny teknologi kan jobben bli gjort i Noreg, og gje store innsparingar på kostnad.

To prosjektgrupper har sidan november 2018 jobba med korleis Bjørnafjorden best kan kryssast med flytebru.

– Begge gruppene har anbefalt ei boga flytebru, seier sjefingeniør i Statens vegvesen, Øyvind Kongsvik Nedrebø, som har ledet arbeidet.

Med ein slik eintydig anbefaling frå sterke fagmiljø, har Statens vegvesen grunnlag for å kunne leggje fram eit meir presist kostnadsestimat for bru over Bjørnafjorden enn tidlegare.

Flytebrua blir over fem kilometer lang, og skal krysse den 550 meter djupe Bjørnafjorden mellom Tysnes i sør og Os i nord.

Statens vegvesen har utgreia flytebru over Bjørnafjorden sidan 2014. Hovudalternativa var ei boga bru som berre var festa i enden på kvar side av fjorden, og ei rett bru som i tillegg hadde forankringsliner festa til sjøbotn.

Les meir om dei to alternativa her.

Kryssing av Bjørnafjorden. AMC sitt forslag (Ill: AMC).
Tårnet på flytebrua. OON sitt forslag. (Ill: OON).

Internasjonal merksemd

Konklusjonen var at fleire alternativ måtte vurderast. Fire variantar er utgreia av dei to prosjektgruppene, AMC og OON (sjå faktaboks). Dei viktigaste kriteria for arbeidet har vore konstruksjonstryggleik, funksjonalitet, kostnad og estetikk.

– Prosjektet med flytebru over Bjørnafjorden er grensesprengande, og har vekt stor oppsikt i utlandet. Dette har ført til at prosjekt som ein tidlegare ikkje trudde kunne gjennomførast, no blir utgreia, seier prosjektleiar Svein Erik Jakobsen hos AMC.

Arbeidet kan bli gjort i Norge

– Dette er eit prosjekt som krev tverrfagleg og innovativ jobbing. Bruprosjektet blir lagt merke til i fagmiljø nasjonalt og internasjonalt, seier Kolbjørn Høyland, prosjektleiar i OON.

Arbeidet som no er gjort syner at ny teknologi kan ha stort potensial for kostnadsinnsparing. I tillegg kan produksjonen bli gjort i Norge. Det vanlege er at mykje av stålarbeidet i ein så stor konstruksjon blir gjort i utlandet.

Tre fagmiljø – same konklusjon

– Etter å ha fullført oppdraga anbefalar begge rådgivergruppene den same varianten av flytebru. Dette er ei boga bru som haldast fast på kvar side av fjorden, som er utrusta med forankringspunkt til sjøbotn. Forankringsliner gir betydelege fordeler. Dei to gruppene har forslått litt ulike løysingar for forankringssystema og plassering av desse. Dette vil bli vurdert nærare i neste fase, seier Nedrebø.

Det Norske Veritas seier seg einig i anbefalingane fra AMC og OON.

– Med ein slik eintydig anbefaling frå sterke fagmiljø, har Statens vegvesen grunnlag for å kunne leggje fram eit meir presist kostnadsestimat for bru over Bjørnafjorden enn tidlegare. Vegvesenet vil komme tilbake til det i slutten av oktober, seier Nedrebø.

Fakta om kryssing av Bjørnafjorden

  • Kryssing av Bjørnafjorden er ein del av E39 Stord-Os, som saman med Rogfast vil gje ferjefri forbinding mellom Bergen og Stavanger.
  • Den planlagde oppgraderinga av E39 mellom desse to byene vil føre til at reisetida blir redusert frå 4 ½ time til 2 timar.
  • Ein effekt er at bo- og arbeidsregionar langs heile strekninga blir vida ut gjennom kjeda arbeidsmarknad.
  • Prosjektet gir stor meirnytte, som vil seie at for kvar krone som blir brukt på prosjekt gir meir tilbake til samfunnet.
  • Den største gevinsten får Stord og Bergen, men vegen vil få positive følgjer for heile landet.
  • AMC og OON har i perioden november 2018 til august 2019 utført konseptutgreiingssarbeid for flytebru for E39 over Bjørnafjorden for Statens vegvesen.
  • OON består av: Dr.techn. Olav Olsen og Norconsult. I prosjektet har dei med seg Prodtex, Pure Logic, Institutt for Energiteknikk, Buksér og Berging, Miko Marine, Heyerdahl Arkitekter, Haug og Blom-Bakke, FORCE Technology og Swerim.
  • AMC er eit arbeidsfellesskap beståande av konsulentselskapa Aas-Jakobsen, Cowi, Multiconsult med Johs.Holt, som for prosjektet også har knytt til seg selskapa Aker Solutions, NGI, Moss Maritime, Dissing+Weitling og Entail.

 

Én kommentar

  1. Kristoffer sier:

    Jeg vil gjerne kjøre Bergen – Stavanger fergefritt og skjønner at det blir bompenger.
    Kravet er at det er midlertidig og nedlegges når veien er betalt. Og det må ikke koste både skjorta og slipset å kjøre den strekningen.
    Hva vil det koste å kjøre strekningen med 18 meter og 50 tonn?
    Hva vil det koste med personbil?
    Og hvor lenge skal det kreves inn bompenger?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

*